søndag 22. mai 2011

Nordhordland Rundt 2011

Nordhordland Rundt 2011 gjekk under fine forhold, der dei 7-800 ryttarane til tider møtte kraftig motvind/sidevind. Ei gruppe på 10 ryttarar stakk nokså tidleg, medan Asbjørn Tveit, Eirik Mjelde og Rune Herheim sat i gruppe 2. Dei tre Vossevangarane var mellom dei sprekaste i denne gruppa og var mykje framme i rulla. Asbjørn var sterkast av Vossevangarane på slutten og kom inn på 2:15:08, medan Eirik og Rune kom inn i lag på 2:16:24. Asbjørn vart nr. 2 i sin klasse, medan Eirik vann sin klasse med 10 minutt! Rune vart nummer 3 i sin klasse. Nikolai måtte gje seg undervegs. Jarle kom inn på tide 2:27:21, og 18-åringen Sondre Tysseland debuterte på den gode tida 2:31:38!

Ein liten film av pulje 1 finn du på vår video-side.
Resultat finn du på vår resultatside.

1 kommentar:

  1. No er også 18-åringen Sondre Tysseland frå Vossevangen CK observert på resultatlistene! Han debuterte på den gode tida 2:31:38.

    SvarSlett