tirsdag 2. august 2011

Hardingrittet 2011

Hardingrittet er eit turritt på 77 km frå Utne til Lofthus. Det var avvikla den 30.7 i strålande vær.

Om det var det fine været, den nokså flate løypa eller ein del lite røynde syklistar er vanskeleg å seia, men det var iallefall ein del uvøren sykling. Trass i dette så kom ei gruppe på omlag 40 mann samla i mål på ny løyperekord: 1:44:08. Dette gir ein snittfart på 44.4 km/t. Rune Herheim var einastet representant frå Vosssevangen CK dette året, men han sat i det minste med i vinnargruppa.

Les meir i Hardangar folkeblad.

Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar