onsdag 17. august 2011

Klatreturen

Tre vossevangarar, Jarle, Egil og Martin, ville ha ei utfordring litt utanom kvardagsturen. Lenge har me snakka om at det hadde vore kjekt å sykle opp på fjellet frå Aurland, 1300 meter rett opp. Etter ein del snakk med ungdommelege og bråkjekke vendingar utvida turen seg til det doble.
Turen opp frå Aurland gjekk fint, jamn stigning og berre ein unnabakke på ca 1 meter. ca 1,5 timar brukte me opp. Alle forhaldsvis lette og fine på toppen, så me var vel ikkje i tvil om at me ville gjera turen optimal. Etter ein del kupert terreng oppe på fjellet bar det 1300 meter ned til Lærdal. Moro, men langt. Etter 4 kilometer flatt og ei punktering (pass opp for den stygge steinen i den vetle tunnelen rett før Lærdal) inn til Essoen på Lærdal blei det pizza (pizzaen var god) og cola(alltid godt), samt litt proviantering til tilbaketuren. Smånærvøse bar det tilbake utover til start stigning. Det var ikkje villige bein som byrja stigningane. Men etter litt fant me alle ein rytme, Martin sin rytme var nok litt seinare enn dei andre to, men det var ikkje noko alternativ når vegen går rett opp. Det gjekk faktisk fint opp med alle. Det småkuperte terrenget på toppen var ikkje lenger småkupert, bakkane der tok nesten knekken på beina. Men når ein står på toppen på Aurlandssida, veit ein at no er det berre 1300 meter ned til bilen. Flotte smil var klistra på gjengen i det me bikka kanten. Vel nede i bilen var stemninga høg og me kunne konstatera (klokke med funksjonar) at me hadde tilbakelagt 100 km på 6,5 timar (inkl. pausar). Me hadde klatra totalt 3000 meter og kjørt utfor 3000 meter. Litt anna enn ein tur rundt Vangsen... Tilrår å teste denne turen. Vakker natur og ei flott utfordring for ein ivrig syklist.

Klare til start i Aurland. Kontroll av utstyr og omkledning.
Utsikt frå Stegastein ned mot Aurland ca 650 meter under oss.
Gjengen samla på Stegastein. Her er me halvvegs til toppen frå Aurland.
Ein liten matbit 200 meter under toppen opp frå Lærdal. Martin har begynt å kjenna det i beina.

1 kommentar: