søndag 9. september 2012

God sesongavslutting for VCK på Skarverittet

Vidar inn mot mål.
Skarverittet var årets sesongavslutting for Vossevangen CK sine ryttarar. Rittet hadde i år også fått tildelt Norgescupavslutting for terreng maratoncupen. Det vart eit vellukka punktum for både Vidar Mehl og Nikolai Hanevik som stilte i Norgescupen, og Bjarte Vethe og Silje Hjorth Rafaelsen i aldersbestemte klassar. Vidar Mehl, som syklar for Vossevangen CK/Toyota Fuji team vart med gårsdagens 9. plass nr. 5 samanlagt i Norgescup terreng maraton! Veldig sterkt. Les meir under og sjå resultat på våre resultatsider.

På Skarverittet vart Vidar nr. 9 i Norgescupklassen, men hadde kome høgre på listene hadde ikkje han hatt ei dobbel punktering. Vidar seier at "hadde vorte bedre dersom ikkje flatt dekk! Køyrde med eclipse slanga som eg har gjort mykje av sesongen med hell ... men trulig fått noko i dekket ... for eg fekk ny punktering på slangen eg bytta også ... heldigvis heldt det akkurat til mål med etterfylling andre gongen." Nikolai debuterte i Norgescup med ein imponerande 12 plass! Det vert spanande å fylgja Vidar og Nikolai til neste år. Les Nikolai sin rittrapport under, og les meir på Vidar sin blogg.

Bjarte på pallen!
Bjarte vart nr. 2 totalt i herreklassen for aldersbestemte klassar, kun slått av Jan Olav Beitmyren. Veldig sterkt av desse to karane i M40-49 å slå alle ungdomane i M20 og M30. Silje Hjorth Rafaelsen hadde sin terrengdebut og låg på ein imponerande andreplass då ho måtte hjelpa ein annan ryttar som kålta: "Hadde blitt nr. 2 totalt hadde jeg ikke avlagt den Hippokratiske eden. En som skada hodet, ca. 10 min etter at jeg hadde lagt bak meg nestbeste hode med fletter... Men turen var flott. Var forresten min terrengdebut, men neppe siste Skarveritt!" Til neste år vil me sjå Silje i fleire terrengritt!

Nikolai sin rittrapport har du her:
Nikolai inn mot mål.
"Årets siste ritt, Skarverittet, gjekk av stabelen i fint haustvær (litt frisk vind, men sol og blå himmel). I år var Skarven siste ritt i Norgescupen, og her stilte dei beste i landet (inkl. Vidar og Nikken frå Vossevangen CK). "Norgescup-løypa" var på 85 km, ein del lengre enn "mosjonsløypa". Ut frå løypeprofilen skulle me opp 3 sugande stigningar, og gjennom eit 9 km langt terrengparti.

Feltet sat samla i ca. 10k m, til me kom inn i fyrste skikkelige bakke (noko det ikkje var mangel på i den beinharde løypa). Her måtte eg sleppa teten, og fann mitt eige tempo! I bakkane opp til Geilo blei eg liggande i lag med 3 andre, og me heldt eit greitt tempo opp til Geilo. Då venta den fyrste skikkelige knekkaren, stigninga opp til "Kikut" (alpinanlegget på vestsida av Geilo). Då eg kom på toppen, var eg åleine (1 hadde punktert, 2 hadde fått hammaren). Løypa gjekk ned på andre sida av Kikut, og etter ein nokre km med nedoverbakke, venta ein brattebakkje av dei sjeldne! Etter ein stigning som verka "uendelig lang", nådde eg toppen, fortsatt mutters åleine. Då bar det rett innpå eit langt og sugande terrengparti, og her tappa det verkeleg krefter. Fyrst eit myr/mose parti, etterfylgt av grov traktorveg/sti. Tok igjen ein ryttar som hadde punktert, og endeleg litt selskap på turen.

Etter ei lengre utforkøyring på sti/grus, kom me ned igjen til Geilo. Her venta "Kikut"-stigninga for 2. gong, ein psykisk knekkar av dei sjeldne. Eg og min nye turkamerat sykla jamt saman opp till topps, og heldt saman inn til mål. Tok igjen 2-3 stk. på slutten, og kom i mål som 12. og 13. mann (sykla i lag over mål, me fann ut at det ikkje var vits med ein spurt). Grei plassering, men eit godt stykke bak den suverene vinnaren (Manengen). Vidar såg eg ikkje noko til under løpet, men han hadde vore uheldig og fått minst 1 punktering. Sjølv med nokre stopp undervegs kom han seg til mål og sikra 5. plassen i Norgescupen samanlagt. Meget bra!

Team Hanevik var einige om at det hadde vore ein fin, men hard tur!"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar