mandag 22. april 2013

Tempotest utsett til 2. mai

Pga av vegstenging ved Stanghelle kjem ikkje "TEAM STRIL" (dei tok som kjent heile pallen i fjor...) seg til Voss og tempotest på torsdag. I kombinasjon med dårleg værmelding ser me oss tent med å utsetja tempostesten ei veke. Det vert soleis byte av treningar mellom 26.04 og 02.05 (sjå treningsplan). Me vonar alle har forståing for dette, sjølv om enkelte har prikka inn toppforma til fyrstkomande torsdag! Viss nokon absolutt vil køyra tempoen no og ikkje har tid neste torsdag, gje melding til oss om dette. Då skal me stilla med tidtakar!

Av same grunn vert treninga i morgon noko endra. Pga av trafikktilhøve framover mot Skjervet no og i tillegg til manglande dugande sykkelveg, utgår tur til Skjervet i morgon. Vangsvatnet rundt med ein roleg avstikkar etterpå vert nok turen. Vel møtt til roleg økt!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar