søndag 19. mai 2013

6-vatn: Spreke VCK-arar, særleg Vebjørn!

Vebjørn opp Tjukkabygde
I makalaust vær vart dagens 6-vatn ein god dag for svært mange frå Vossevangen CK. Vebjørn Turtveit sat like godt med inn med ei særs sterk vinnargruppa på 10 mann. Dei klemde like godt til med ny løyperekord: 2:07:40. No skal det seiast at løypa var ørlite korta ned grunna vegarbeid i Skulestadmoen, men rekord er rekord! Nikolai Hanevik og Sondre Tysseland sat med i ei 18-mannsgruppa som kom inn på tida 2:11:05.



Det aular med VCK-arar i målområdet
I neste gruppe, på "delt 29. plass", hadde Vossevangen CK med fire mann: Jon Arild Hellebust, Arnstein Ringheim, Njål Nyre og Rune Herheim. Denne gruppa talde totalt 11 mann, og tida vart 2:15:09. Deretter kom det Vossavangarar som perler på ei snor: Eirik Mjelde, Magnus Hanevik, Olav Dugstad, Frode Atterås, Roger Eide, Dag Tore Roe, Odd Inge Jordalen, Jarle Søtvik, Nils Asbjørn Lie, Eirik Aastvedt, Sindre Hirth, Sigurd Braathen Reigstad, Kjell Olav Tryti og May Lisbeth Flo. Dagens to mest uheldige frå Vossevangen CK var Jørund Rong som braut tvert i Taulen, og Sigurd B. Reigstad som var uheldig og laut ein tur i grøfte på Sundvesflatane. Alt i alt, summa summarum: ein strålande dag, ny deltakarrekord for Vossevangen CK (23 stk. !!) og Vebjørn med i Vinnarpulja.


Nikolai opp Tjukkabygde
Nikolai hadde ambisjonar i dag, men hadde ikkje full klaff: "Rittet starta bra, og plasserte meg i front av feltet. Opp Tjukkabygde låg eg langt framme, og beina var bra. Men på toppen møtte eg veggen, og måtte sleppa. Eg, Vebjørn og Tysseland køyrte oss opp igjen i teten ved Sundve, men eg måtte sleppe 2-300 m før oppheimsvatnet! Då var det slutt, og eg trilla inn til mål i lag med Tysseland".


Sondre opp Tjukkabygde


Sondre var i utgangspunktet ein av VCK sine jokerar i dag. Han klemde til meg ein knallspurt og vart nr. 11 i dag: "Eg må bare sei at eg e svært fornøyd med resultater. Synest da va ein litt overraskande 2. plass (redanm.: liten feil på resultatliste), men når eg får te ein så god spurt så kan alt skje

Sjå resultat på våre resultatsider.

Skeie trivst i godt selskap
Sensurert reparasjon av Sigurd




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar