onsdag 8. mai 2013

Nikolai nr. 3 i fyrste continentalcupritt

Då var ritt nr. 1 i Continentalcupen vel i havn. Nikolai leverte eit sterkt ritt og sikra seg ein finfin 3. plass i "Mountain King"-klassen. Rune deltok òg i denne klassen. Sjå resultat på våre resultatsider. Les kva våre to ryttar kan melda frå dagens strabasar:

"Fyrste ritt i årets Continentalcup blei arrangert på Krohnegården, i ei artig og teknisk krevjande rundløype på ca. 1,7 km. Vossevangen stilte med Rune og undertegna, (+ Paul). Etter ein kanon dag værmessig, va det nedsig då det byrja å regne skikkeleg 30 min. før start. Ut vart eg liggande med ein ryttar frå Bck og kjempa om 2. plass. Eilertsen var suveren, og sykla rett frå i frå start. Kroppen kjentes bra, men i dei teknisk, vanskeleg partia var Bck-ryttaren sterkare. Etter å ha kniva ilag med han, fekk han ei lite luka på siste runden, då eg hekta i ei grein. Sykla inn til 3.plass, grett nøgd," Nikolai.

"Fyrste ritt i årets Continentalcup blei arrangert på Krohnegården, i ei forferdeleg og altfor teknisk krevjande rundløype på minst 2,7 km. Vossevangen stilte med Nikolai og underteikna (+ Paul). Etter ein kanon dag værmessig, vart det fullstendig deprimerande då det byrja å regne kollosalt 1 time før start. Ut vart eg liggande sist og kjempa om nest siste plass. Dei andre var suverene, og sykla rett i frå meg frå start. Kroppen kjentes bra, men i dei teknisk, vanskeleg partia var dei andre ryttarane mykje sterkare. Etter å ha kniva om 4. sisteplass, fekk fyren ei endå større luka på siste runden, då eg kålta 4 gonger. Sykla inn til 3. sisteplass, grett nøgd," Rune.
Rune offensiv i lett-terreng 1
Rune offensiv i lett-terreng 2

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar