søndag 9. juni 2013

Bjarte vann Mjøsa rundt med Team Atea

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i dag inn til siger med Team Atea på Mjøsa rundt. Bjarte var ein av dei 18 som heldt heilt til mål for laget i dag. Vidar Mehl sykla òg for Atea, men seier i ein kommentar at "hovudet var meir gira enn
beina i dag! Raumerrittet hadde sett sine spor i låra. Kasta inn handduken etter 18 mil med 44 km/t i snitt. Greit å holde såpass langt dagen derpå! :-)" Mjøsa rundt er på heile 265 km, og eit viktig ritt i oppkøyringa til Trondheim-Oslo. Atea klokka inn på ny løyperekord, 6:07:41, og la erkerivalane frå Rye og Torshov omlag eit kvarter bak seg. Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar