lørdag 6. juli 2013

Nikolai punkterte frå ein 9. plass på Hallingrittet

Vossevangen CK stilte med 3 mann på Hallingrittet i dag: Nikolai Hanevik, Carsten Christensen og Rune Herheim. Hallingrittet er eit terrengritt på 42 km med lite grus og mykje terreng, i strålande sol! Nikolai sykla godt og låg inne blandt topp 10 heile vegen. Diverre punkterte han 1 kilometer frå mål. Då låg han på 9. plass, men med støl jogging siste kilometeren mista han 3-4 minutt og 8 plasseringar, og vart nr. 17 med tida 1:29:32.


Carsten viste òg gode takter og sykla inn til ein 27. plass totalt med tida 1:31:56. Med so kort tid opp til vinnar vil Carsten seeda seg bra opp til Birken. Rune har vore i Danmark og sette danske pølser og smågodt i halsen etter fartssjokk ut frå start. Han vart nr. 49 totalt med tida 1:35:46. Vann gjorde Lars Granberg frå Toyota Fuji Team på tida 1:23.18. Sjå resultat på våre resultatsider.

Johanne Herheim og Ola Herheim leverte fine prestasjonar på barnas Hallingritt. Ola var diverre uheldig å mista kjeda i ei frisk utforkøyring. Lukkelegvis stod Olaf Tufte like ved og fekk med seg dramatikken. Det er ok å mista kjedo når ein kjem i rasarfart mot mål med ein pesande Tufte skubbande bak.





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar