tirsdag 4. mars 2014

Tinging av klubbklede

9. mars: FEIL PÅ BETALINGSSYSTEMET. Viss du ikkje får tinga klede pga. feil på betalingssystemet, så kan du senda bestillingslista og adressa di til sveinung@nordic-cycling.no. Då sender han faktura i posten.

No kan du tinga klubbklede! Vossevangen CK slår til og dekker 40 % av utsalsprisen på alt ved denne tinginga!
Me gjer merksame på at dette tilbodet gjeld berre denne tinginga og er grunna med at klubben ynskjer at medlemane i større grad skal nytte klubbklede både i finvær, vind og regn. Spesielt viktig er det at alle no kjøper seg ny kortbròk/shorts, då me har skifta støttespelarar og dermed reklame på buksa! Klubben vel difor å nytta ein del midlar på dette no! Tilbodet gjeld for medlemar i Vossevangen CK.

NB: "Ungdomar", det vil seia dei under 20 år, får i tillegg til vanleg rabatt, 20 % ekstrarabatt ved denne tinginga. Totalt 60 % avslag. Dei siste 20 % vert refundert ved at ein sender ein epost til vossevangenck@gmail.com etter at ein har tinga og opplyser om kostnad.

Oppskrift og informasjon:
  • Nettbutikken til Inverse ligg her: http://inverse.proline.no/
  • Logg inn med brukarnamn og passord. Dette er det same som ein nytta i fjor / tidlegare år. Viss ein har gløymt passord kan ein taste inn epost-adresse å få tilsendt dette.
  • Nye brukarar registrerar seg på sida. Her legg ein inn firmakode: (denne har du fått på e-post. Har du ikkje fått e-post kan du kontakta Jørund)
  • Når ein kjem inn i butikken vel ein "Sykkeltøy" og ein får opp dei produkta som er tilgjengelge.
  • Utgangspunktet er at me lyt tinga fem stk. av kvart plagg (det finst nokre unntak, til dømes tempodrakt). Difor har me avgrensa utvalet noko. Ta kontakt med leiar om de saknar noko! 
  • "Rabatten" er allereie trekt i frå. Sjå under for prisdetaljar.
  • Det finst dame-modellar av bukser for dei som ynskjer det! Dei som ligg ute no har selar, men det finst variantar utan. Gje melding om det er aktuelt.
  • Me har inkludert nokre klede i barnestorleikar!
  • Me har sett opp nokre framlegg til pakker: lite pakka/stor pakka" (sjå under). Dette kan vera som eit utgangspunkt. Ein kan sjølvsagt velja bort eller leggja til som ein vil.
  • Det finst ein del ulike variantar av dei ulike plagga. Skilnadane skal vera forklart i nettbutikken.
  • Når det gjeld trøyer er det tre typar: "Allround", "Record" og "Aero". Aero har saumlaus kant på arm, og er soleis heilt klistra mot huda (viss du kjøper rett storleik).
  • Jakker og vestar: "Aerotech" heiter den skikkelege vindjakka (i nettbutikken står det "Windtex"). Dette tilsvarar den kvite som var med på prøvetakinga. Den finst både som "vinter" og som "vanleg". Vest finst i same materiale, både med og utan netting på rygg.
  • Sokkar: Det er no høve til å tinga Vossevangen CK-sokkar!
Pga. leveringstid på inntil seks veker lyt me vera raske med å tinga. Me stenger difor nettbutikken fyrstkomande sundag (09.03.2014) kl. 24:00.
Evt. spursmål kan stillast til leiar (lakatrave@gmail.com / 95 94 22 06) eller på Fjesboksida til klubben!







 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar