lørdag 24. mai 2014

Kjetil og Styrbjørn 29 sek. frå siger i CLST 2014

I dag vart det populære landevegsrittet Color Line Setesdal Tour arrangert - i strålande sol men kraftig motvind. Rittet er 210 km med start i Kristiansand og målgang på Hovden 1000 meter over havet. Vossevangen CK hadde to mann med. Kjetil Isaksen sykla på det sterka laget Styrbjørn, og dei tok andreplassen berre 29 sekund bak
vinnarlaget Sørlandslaget. Rune Herheim sykla for laget Vestlandsekspressen. Dei fekk diverre rittet litt ødelagt på grunn av ein velt, men kom inn på 5. plass i lagtevlinga 42 minutt bak.

Kjetil fortel om ein fin, men hard tur. Han meiner laget fekk rulla til å fungera bra til å vera eit lag sett saman med ryttarar frå fleire klubbar og dermed lite trening i lag. Som de ser på bilete var Kjetil ofte å sjå i front. Rune fortel òg om ein fin tur. Laget hans mista ein del ryttarar etterkvart, men det var etter omlag 17 mil at dei fekk rittet ødelagt. Då gjekk omlag halvparten av dei ca. 15 ryttarane som var att i asfalten. Laget stoppa og hjelpte dei skadde. Etter snaue 10 minutt sykla dei vidare, men då var piffen ute av mange på laget. Sjå resultat på våre resultatsider.
Vestlandsekspressen, lagbilete før start

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar