lørdag 10. mai 2014

Nikolai uheldig på 1. NC terreng

Nikolai Hanevik, Vossevangen CK, deltok i dag i 1. noregscupritt i terreng, maraton. Rittet gjekk i Å i Heiane, det var omlag 70 km langt, og med sterk deltaking. Nikolai låg inne blandt dei 20 beste då uhellet var ute (sjå bilete til høgre). Heile bakgiret vart til pinneved (i ei myr!). Då vert det diverre ein lang gåtur for Nikolai til næraste løypevakt, og ein DNF på resultatlista. Sjå resultat på våre resultatsider, og trykk les meir for å få med deg Nikolai sin rapport.

Nikolai: "Fyrste ritt i noregscupen stod for tur. Eit sterkt startfelt med dei fleste i Noregstoppen med. 70 km i tøft terreng og motbakke! Fyrste km var bak masterbil før me køyrde rett inn i ein "traktorveg-motbakke". Etter dette vart eg liggande litt for langt bak i feltet, som sprakk voldsomt opp i neste terrengparti. Etter ein lang og seig motbakke var eg på ca. 25. plass. Litt tung start ... Så bar det inn i eit langt terrengsparti, til dels teknisk vanskeleg. Eg låg i lag med to andre, og me begynte å plukka folk som hadde fått tekniske problem eller hammaren! Plutseleg stod Vidar Mehl ute i skogjen med punktering. Han kom seg på sykkelen og låg i lag med oss. Men so skjedde det fatale: girøyra knakk rett av i ei myr, og rittet var slutt! Eg var då langt inni skogen, langt frå folk, med bakhjulet i eine handa og sykkelen i den andre! Måtte ta beina fatt og gå til næraste løypevakt. Men det var langt, eg gjekk i ca. 1 time og 20 minutt før eg møtte folk! Så ein kjedeleg start på terrengsesongen, men eg kjem sterkare attende ;)"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar