mandag 30. juni 2014

Kjetil imponerte i NM fellesstart, senior

I går sykla Kjetil Isaksen, Vossevangen CK, Noregsmeisterskapen i fellestart landeveg mot Aleksander Kristoff, Lars Petter Nordhaug og dei andre store gutane. Kjetil viste nok ei gong at han har teke eit stort steg i år. Han hang med heilt til siste runde trass i at det vart køyrt hardt til tider og fleire laut sleppa. Kjetil kom i mål berre 3:30 bak vinnaren. Les rapport frå hovudpersonen:

søndag 29. juni 2014

Atea pro aktiv vann Trondheim - Oslo

Laurdag vart styrkeprøven Trondheim-Oslo køyrt. Bjarte Vethe var med frå klubben med laget Team Atea Pro Aktiv. Dei har dominert lagsyklinga gjennom heile sesongen, og tok ein overlegen siger med over ein halvtimes margin ned til Rye-Ekspressen! Det var relativt mykje motvind nedover mot Oslo, so noko rekord vart det ikkje i år. Både Atea og Rye mista mykje folk relativt tidleg pga. tøffe forhold i vinden. Atea kom inn på sterke 13:27:51. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Bjarte sin rapport under:

Hallingrittet: punkteringar for VCK

I framifrå sykkeltilhøve deltok Rune Herheim og Dag Tore Roe for Vossevangen CK i Hallingrittet i helga. Rittet har flotte sti-parti, fleire kilometer med smal og dosert sykkelveg, samt seige motbakker og morosame utforkøyringar fordelt på 43 km på Golsfjellet. Diverre vart det ein dag med mykje uflaks for våre menn. Rune låg heilt oppe på ein 7. plass då han punkterte ved Storefjell, omlag 20 minutt før mål. Dag Tore klemde til med heile to punkteringar, og då var dagen gje. Sjå resultat på våre resultatsider, og les kommentarane frå våre folk under:

søndag 22. juni 2014

Paul nr. 2 i Forland Triatlon

Paul Skeie, Vossevangen CK, vart i går nummer 2 på Forland Triatlon. Tevlinga innebar 750 m symjing, 19 km sykling og 7 km springing. Dette var Paul sin debut som triatlonutøvar, og han drog like godt til med ein andreplass! Paul seier fylgjande i ein kommentar: "Debuterte i triatlon idag. Forland Triatlon på Sotra. Kom på andreplass. Sykla meg opp til andreplass som eg akkurat klarte å forsvare på løpebiten. Moro!"

søndag 15. juni 2014

Kjetil med sterk køyring under Noregscup i dag!

Kjetil fint med framme i feltet
I dag vart det 3. rittet i Noregskøppen, fellesstart landeveg, skipa til av IK Hero i Maridalen/Oslo. Det vart køyrd 14 rundar a 13 km, og Kjetil sykla sterkt heile vegen. På den 10. runden var det berre omlag 50 att av dei 211 startande som hang med hovudfeltet. Diverra vart Kjetil påkøyrd bakfrå 15 km før mål av ein annan syklist. Likevel klarde Kjetil, saman med Oskar Svendsen (OL-gull på tempo), å køyra seg oppatt til hovudfeltet. Då siste bakken kom

Bjarte og Atea Pro Aktiv med siger i helga

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, sykla i helga to ritt med laget Atea Pro Aktiv. Dette resulterte i ein siger og ein andreplass. På laurdag vann dei Landevegsbirken, og dei sette samstundes ny løyperekord med tida 3:58:09. I dag vart dei nr. 2 i Tyrifjorden

mandag 9. juni 2014

Nytt kanonritt av Kjetil! Nr. 3 i Sandefjord Tours!

Kjetil med nytt sterkt resultat!
Kjetil er i storslag og klinka til med ny topplassering i dag! Han kom seg i brot og var med i spurten om sigeren i Sandefjord Tours! Me gratulerar og kan presentera fylgjande interessante rittrapport frå hovudpersonen sjølv:

"De ble et veldig morsomt ritt i dag. Med er sterkt felt var det mange som ville ligge fremme. Etter ca 30 km kom det første skikkelige  støtet. Over bakketoppen var vi 25 mann i front. Og alt 10 km til blir det gått til på nytt i eneste skikkelige knekkeren. Den lokale helten/ Mr. bikeshop Håkon Liland legger seg i front og klemmer

Informasjon om ungdomstrening i Bømoen

Klikk deg inn på våre sider med informasjon om ungdomstreningane og les når siste gong før ferien vert, samt kor tid me startar opp att etter ferien.

Bjarte og Atea Pro Aktiv vann Mjøsa rundt

Bjarte Vethe, Vossevangen CK, vann i går Mjøsa rundt med Atea Pro Aktiv. Dei var 12 mann som kom til mål i lag på tida 6:13.12. Rittet er 260 km langt, og det gir ein snittfart på 43 km/t!! Dei slo Team YT-Torshov med 5 minutt og Rye-ekspressen med 7 minutt. Sjå resultat på våre resultatsider.

lørdag 7. juni 2014

Rune og Dag Tore bra med på Bergsdalen opp

I dag vart Bergsdalen opp arrangert i strålande solskin og ny deltakarrekord. Det er fire tevlingar i Bergsdalen opp: sykling, rulleski klassisk, rulleski skøyting samt løp. Vossevangen CK hadde to mann med på rittet. Rune Herheim sykla inn til 4. plass med tida 15:28, og Dag Tore Roe fekk ein 8. plass med 16:39. Sjå resultatliste.

fredag 6. juni 2014

Kjetil nr. 3 i SpinnCup!

Kjetil går "all inn" i spurten!


Kjetil køyrde i dag 5 etappe i Spinn-cup i Vestfold. Det vart køyrt seks rundar på 12 km i ei relativ flat løype! Kjetil gjekk solo, men vart diverre henta inn før spurten! Me har fengje fylgjande rittrapport frå Kjetil;

"Spin-cup er 8 ulike ritt som går rundt i Vestfold. Jeg har syklet disse rittene tidligere før. Det er bra nivå og som oftest en del continental-ryttere som er med. I dag var det ca 60 pers i eliteklassen. Vi syklet en runde på 12 km av 6 runder i relativt flat løype. Som alltid er det mye støting og bruddforsøk. Etter en runde var vi 8 mann som kom oss avgårde. Samarbeidet fungerte heller dårlig, så etter en runde ble vi hentet inn. Etter to rolige runder, ble det nytt brudd. Vi var 6 ryttere som rykket opp en bakke. Vi kjørte ca 30 km sammen. Når det er 4 km igjen merker jeg at jeg har mye krefter igjen. I det vi går fra side- til medvind prøver jeg å stikke. De samarbeider desverre bra og kommer opp etter ca 1 km. Beina er derfor litt tunge når spurten går. Klarer likevel å kapre 3 plassen. En sykkellengde bak Frans Leonard Mustaparta Markasgård. Han var hovedspurter for Østerhus-Ridley i fjor, så jeg bør være fornøyd med å være så nære!"

Me gratulerar Kjetil og gler oss til framhaldet!

Kjetil sit fint med framme i feltet!

Vossevangen CK godt synlege i feltet.

søndag 1. juni 2014

Bergen - Voss, i strålande sol!

Kjell Olav og Bengt i fint driv og inn til kjempetid!
Bergen - Voss var i år eit eventyr - og Vossevangen CK hadde med ein god gjeng, omlag 20 stk! Fleire gjorde solide resultat, andre tok det som ein tur i

Bjarte vann Randsfjorden Rundt

Medan me var opptekne med Bergen-Voss, køyrde Bjarte Randsfjorden rundt med Team Atea. Dei leverte nok ein gong løyperekord - 3:20:14 og snittfart på over 45 km/t i den småkuperte løypa. Bjarte har hatt ein lengre sjukdomsperiode bak seg og rapporterar om ein relativ tung tur - men han sat med laget inn! Me gratulerar og vonar Bjarte køyrer seg tilbake i toppslag!