søndag 29. juni 2014

Atea pro aktiv vann Trondheim - Oslo

Laurdag vart styrkeprøven Trondheim-Oslo køyrt. Bjarte Vethe var med frå klubben med laget Team Atea Pro Aktiv. Dei har dominert lagsyklinga gjennom heile sesongen, og tok ein overlegen siger med over ein halvtimes margin ned til Rye-Ekspressen! Det var relativt mykje motvind nedover mot Oslo, so noko rekord vart det ikkje i år. Både Atea og Rye mista mykje folk relativt tidleg pga. tøffe forhold i vinden. Atea kom inn på sterke 13:27:51. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Bjarte sin rapport under:

Bjarte sat fint med i rulla då han diverre fekk punktering. Synd for Bjarte, som er tilbake i storslag! Me har fengje fylgjande rapport frå Bjarte;

"Då var årets hovudmål over.  Kjørte på lørdag Trondheim - Oslo med team Atea. Vi var 28 mann som starta kl. 7.00 om morgonen i fin temperatur og opphaldsvær, men med kraftig motvind. Laget fungerte greit inn til oppdal men allerede der så vi at folk hadde brukt mykje krefter pga vinden. Så vi mista tre mann før oppdal. Då leda vi med fem min på Rye xp. Vidare opp mot Drivdalen og Hjerkinn gjekk det jamnt og trutt men fortsatt med sidevind og litt motvind. Opp til Hjerkinn som var det høgste punktet mista me endå nokre ryttare. ved passering Dombås var vi 18 mann, håpet var at me skulle vere minst 20 mann over der. Ved passering dombås var me 6.30 foran rye. For meg var turen over fjellet uproblematisk,  det gjekk veldig greit for meg, så turen nedover Gudbrandsdalen gjekk jamnt fort. Fortsatt hadde vi litt motvind.  Før Kvam skjer det fatale for meg, eg får ein sigepunktering på framhjulet som endte med flatt dekk etter kort tid. Men eg stopper og prøver å få inn tetningsmiddel, men får ikkje nok trykk til å kjøre videre. Så da var løpet kjørt for min del. Reglene i Styrkeprøven er i år nye, så laget hadde ikkje lov å ha servicebil. Så får du teknisk uhell er løpet i realiteten over. Laget kjører i 55-60 km i timen på flatene, og skulle eg fått et hjul av en lagkompis så hadde eg likevel aldri klart å kjøre meg opp att. Ved Kvam var vi bare 14 mann igjen. Laget kjørte veldig bra resten av løpet og knuste Rye med 36 minutter. Eg er veldig stolt av å være en del av dette laget, det er en utrolig gjeng! Men er veldig skuffa av å måtte bryte løpet grunna ei  punktering. Hadde eg ikkje hatt dette uhellet er eg sikker på at eg hadde vært med inn med vinnarlaget. Oppturen er at eg klarte å finne formen igjen etter så langt sjukdomsopphald."

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar