søndag 29. juni 2014

Hallingrittet: punkteringar for VCK

I framifrå sykkeltilhøve deltok Rune Herheim og Dag Tore Roe for Vossevangen CK i Hallingrittet i helga. Rittet har flotte sti-parti, fleire kilometer med smal og dosert sykkelveg, samt seige motbakker og morosame utforkøyringar fordelt på 43 km på Golsfjellet. Diverre vart det ein dag med mykje uflaks for våre menn. Rune låg heilt oppe på ein 7. plass då han punkterte ved Storefjell, omlag 20 minutt før mål. Dag Tore klemde til med heile to punkteringar, og då var dagen gje. Sjå resultat på våre resultatsider, og les kommentarane frå våre folk under:

Rune: "Eg kjende denne veka at eg hadde litt form på gang. Eg hadde difor litt forventningar til dagens ritt. Utfrå start klarde eg å ligga langt framme utan at eg trengde kjenna på syra. Då me skulle starta på dagens fyrste stigning låste framgiret seg på storeskiva. Eg mista mange plasseringar og havna i kø. Når stigninga gjekk over på grusveg kjende eg at beina var bra. Sykla slalom opp mot toppen og såg to grupper framfor meg. Min 26ar Diamant gjekk som eit skot i det neste terrengpartiet slik at eg tok att pulje 2. Eg låg i denne gruppa og la store planar for kva eg skulle gjera i dei to siste stigningane. Eg fekk luka opp mot Storefjell, men diverre oppdaga eg då at bakdekket var nesten tomt for luft. Då låg eg som nr. 7, omlag 3-4 minutt bak leiaren. Eg angra bittert på at eg la pumpa att i bilen, men etter 6-7 minutt fekk eg låna ei pumpa. Etter 8 minutt sykla eg vidare og kom inn på 2:35, 13 minutt bak vinnaren. Eg trur dette er det beste eg har sykla, så då er det surt å miste ein mogeleg 7. plass totalt, 2. plass i klassen og ei god Birken-seeding."

Dag Tore: "Starta ferien med ein svipp te Golsfjellet og Hallingrittet. Relativt gode bein, hang bra med på grusvegane, men tapte litt terrenget når Kamikaze-ryttarane sleppte seg nedover. Fyrste punktering ved Storefjell, skifta for meg å vera raskt, og va klar te å plukka ryttarar oppover slalombakken bak hotellet. So, berre 2-3 km seinare punkterte eg igjen... Og no var både slange og co2 brukt opp, så då vart det DNF...  Frå no kan det vel berre gå ein veg, god sumar!"


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar