søndag 3. august 2014

Grenserittet 2014: folkefest i strålande vær

Foto: Stein Johnsen
Grenserittet er eit svært stort arrangement som går i variert, flott og (tilnærma) flatt terreng frå Strømstad og med målgang på Fredriksten festning i Halden. I år var det 7-8000 deltakarar og høgt nivå. Alle dei beste svenske og norske terrengsyklistar deltok, og det same gjorde fleire sterke landevegsryttar samt typar som Jens Arne Svartedal og Henrik Kristoffersen. Bjarte Vethe, Rune Herheim og Cato Vivelid Nilssen deltok for Vossevangen CK. Bjarte starta i elite-klassen og han klarde å kopiera den sterke tida frå i fjor: 2:37:26. Med det vart han nr. 64 totalt og nr. 7 i klassen sin. Rune debuterte i rittet og starta i pulje 1. Trass i lite erfaring med dette rittet kom han inn på tida 2:42:32. Det heldt til ein 122. plass totalt og nr. 19 i klassen. Cato sykla òg godt, og kom inn på tida 3:58:54. Den svenske toppryttaren Matthias Wengelin vann spurten i elitegruppa med tida 2:26:15. Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar