søndag 31. august 2014

Framifrå Birken-helg

Då er årets høgdepunkt for mange (terreng)syklistar historie. Endeleg kom eit år med opphaldsvær og turre tilhøve på Birken. Vossevangen CK hadde ein fin bataljon til start, både på Fredagsbirken og Birkebeinarrittet laurdagen. Nikolai Hanevik viste han er frisk att frå ein lengre sjukdsomperiode og var raskaste mann frå klubben med tida 2:54. Rune Herheim braut òg den magiske tretimarsgrensa og kom inn på 2:57. Dag Tore Roe og Steinar Røthe sette begge solide personlege rekordar med dei sterke tidene 3:14 og 3:31 høvesvis. Ingvild
Aurdal og Bengt Arvidsson sykla Fredagsbirken på rett over sju timar. Dei fælaste hardhausane var truleg Cato Vivelid Nilssen og Kjell Olav Tryti som sykla både Fredags- og Laurdagsbirken. Cato var raskast på fredagen med 4:12, medan Kjell Olav trengde ei gjennomkøyring på fredagen sidan han persa med 4:27 på laurdagen! Bjarte Vethe (sjukdom) og Einar Bystøl (velt) måtte diverre bryta. Sjå resultat på våre resultatsider.

Nikolai sin rittrapport:
Birken blei i år fyrste ritt etter ein lang sjukdomsperiode, så var i grunn spent på formen. Hang greit med til Skramstad, men måtte gje nokre meter til tetpulja etter litt klabb&babb i terrengpartiet. Blei liggande i lag med 5-6 andre frå pulje 4, og me samarbeida greit i lag heilt til mål. Gode forhold og grei dagsform resulterte i ny pers, så bra var det Kjekt å køyre ritt igjen!

Rune sin rittrapport:
Eg stod rimeleg usikker på startstreken i år etter at eg har vore småforkjøla veka før Birken. Det vart eit kjempeslit opp til Skramstad. Den raskaste delen av pulje 2 sprakk opp i 2-3 grupper og eg klarde på håret og bite meg fast som siste mann bakerst av desse. Ikkje bra nok. Men, dei var visst litt slitne dei andre òg, så eg sykla meg fram i front av den pulja eg var i før nedkøyringa med Djuposet. På grunn av to kraftige kåltingsar dei to siste åra ned der, så valde eg ein roleg variant i år. Dette gav meg ein plass langt bak i gruppa inn i gåbakken. Eg valde likevel å ikkje stressa, og gjekk sindig opp. Det skulle eg aldri ha gjort. Det vart sniglefart i terrengparitet etterpå av dei framfor meg, og ei bra gruppe forsvann. Gav alt ei stund men det gjekk ikkje. La meg bak og tenkte litt, og kom på at eg kanskje kunne gjera eit siste forsøk i "terrengparti 2". Full peis i lag meg ein til, og me kom oss opp til gruppa. I frå Kvarstad til Sjusjøen følte eg meg betre og kunne vera med framme og dra. Me tok att mange, ein del frå vår pulja og mange frå pulje 1, slik at på Sjusjøen trur eg me var 100 stk. Ned asfalten vart eg forsiktig og la meg på halen. Lukkelegvis kom eit litt seigt grusparti før mål, slik at eg kom meg fram og gruppa sprakk opp. Siste delen inn mot mål på skistadion, balletbakken osv. lag eg berre på plassen min og prioriterte å koma heilskinna i mål. Svært godt nøgd med 2:57, men litt irriterande at sjukdomen hang litt att i den fyrste timen.


Bjarte sin rapport
"Hadde store forhåpningar til birken i veko, men merka allereie i går at noko var i anmarsj. Vakna i dag med tett nase og tett bringa,  og merka fort at det var sjukdom i kroppen. Valgte likevel å starta for å sjå korleis det gjekk.  Hadde ein vond tur opp til Skramstadsætra, så eg valgte å stoppa ved Djupåsen. Sjølvsagt ein stor nedtur, men sjukdom kan ein ikkje råde over."

Elles må me nemna den gamle Vossevangaren Vidar Mehl (Raufoss & Gjøvik SK / Toyota Fuji Team) , som klinka til og endeleg hadde litt "medvind". Vidare kom inn som nr. seks i eliteklassen på den sterke tida; 2:39:25. Me gratulerar Vidar med det flotte resultatet! Sigerspallen var i år kledd av landevegssyklistar; med Fredrik Wilmann (Team Ringeriks Kraft), Åmund Løvik (TVK) og Truls Korseth (Joker). Vinnartida var i år 2:33;18!



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar