søndag 3. august 2014

Postvegrittet: Dag Tore punkterte (att)

Postvegrittet er eit fint terrengritt på Dale i Sunnfjord. Det er 45 km langt og med variert terreng og fleire sugande motbakkar. Dag Tore Roe deltok for Vossevangen CK. Han var nok ei gong uheldig og punkterte. Etter litt plundring med slangebyte kom han inn på tida 2:03:39. Dag Tore seier i ein kommentar: "Ca. 8 1/2 minutt med gode hjelparar. For ein mann med like mange tommeltottar som sykkelen har gir, er det bra".

Magnus Lie frå Hof sykkelklub vann med 1:39:09. Sjå resultat på våre resultatsider.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar