mandag 11. august 2014

Vossevangen CK på Noregscup i By'dn!

Sundag 10. august var det Noregscupritt landeveg i Bergen, nærare bestemt i Åsane. Løypa var lik delar av NM-traseen i 2012, men med noko nedkorta rundar og i tillegg køyrde ein motsett veg. Ei variert og kupert løype skulle soleis køyrast 14 rundar, totalt 168 km med samla over 3.000-høgdemeter!



Kjetil klar for NC i Bergen! 


Kjetil var Vossevangen CK sin mann på start og han sat fint med i feltet ut frå start. Det var køyrt svært aktivt frå start og farten var høg. Mange rytterar datt av tidleg - til dømes var Noregsmeister Tormod Hausken Jacobsen ferdig etter eit par rundar! Diverre gjekk det tidleg ein splitt og Kjetil kom i feil del av feltet. Soleis vart dei liggjande bak det som var att av hovudfeltet. Då det omlag samstundes vart etablert eit brot i front, vart det køyrt hardt i restane av hovudfeltet og gruppa til Kjetil og dei kom seg soleis aldri oppatt til teten. Han vart i likskap med dei fleste andre i feltet teken ut omlag halvvegs. Det var synd, då Kjetil hadde gode bein! Litt bom på taktikk på ein elles god dag med andre ord. Ein triveleg dag med mykje god sykling var det uansett - Vossevangen sine utsendingar kosa seg og hadde ein fin sykkeldag i Åsane!

Rittrapport frå Kjetil:

”Etter mye vær sist døgnet ble det plutselig fint vær i Bergen. Dvs en del vind var det fremdeles. Masterbilen ga flat pedal med en gang, og det gjorde rytterne i front også. Heldigvis satt jeg godt fremme, men flere måtte slippe alt etter første kilometer. Det gikk i rykk og napp de første 3 milene. I det vi skal inn på brei vei og motvind gjør jeg noe som ikke er så lurt. Jeg tenkte at her kommer det til å gå rolig. Dessverre ikke. Det klemmes til og feltet blir delt. Jeg er en av de siste som ikke kommer med i første gruppe.. Vi er en del ryttere som prøver å få til å samarbeide. Det fungerer heller dårlig. Vi blir lenge liggende ca. 2 minutter bak hovedfeltet, men liten innsatsvilje. Etter et par runder blir vi tatt ut. Veldig kjedelig på en dag med gode bein. Men slik er det iblant. Nå er det bare å brette opp ermene og gi gass frem mot kommende ritt. Var veldig trivelig at så mange fra klubben dukket opp! Takk til Nikolai, Halle, Jørund, Odd Inge, Jane og Jonas! Bare å ta av seg støvet!”

God stemning i VCK-leiren!

"Det går bra Oddis - ikkje ver lei deg"
Halle var der!

Og Jane!
KOM, KOM, KOM - Dagen derpå, og Kjetil tok seg ein skikkeleg utblåsing!!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar