torsdag 30. april 2015

Continentalcupen er i gang!

I går var fyrste rittet i årets Continentalcup. Rittet var ei artig og teknisk rundløypa oppe på Krohnegården/Melkeplassen utanfor Bergen. Vossevangen CK hadde tre mann på startlista, men sidan Nikolai Hanevik framleis slit med sjukdom laut Rune Herheim og Magnus Hanevik forsvara klubben si æra. Rune nytta høve til å ta andreplassen bak suverene Ellertsen frå Fana SK når 2-3 av dei sterkaste ryttarane ikkje kom til start. Magnus «debuterte» i denne type ritt og fekk seg ei skikkeleg god hardøkt. Sjå resultat på våre resultatsider, og les Rune sin
rittrapport under.

Rune: Continentalcupritt plar starta med at Ellertsen gir flat pedal ut frå start. Intet unnatak denne gongen heller. I løpet av fyrste runden kom eg meg opp på andre plass, men Ellertsen seig i frå. Dei neste tre rundane var spekka med små uhell og litt bra sykling innimellom. Eg sette meg mellom anna fast i same treet to gonger, fekk framhjulet på feil sida av eit tre ned ein liten bratt knekkar og klarde ikkje å få sykkelen bakover sidan det var så bratt, rota enormt med å koma meg på sykkelen att etter gå/springepartiet i brattebakkjen, osv. Dette resulterte i at ryggen låste seg/stivna totalt og eg vart teken att på femte runden. Då tok eg meg ein bolle og fann ut at det kanskje var på tide å heller prøva å finna litt flyt. Dei siste tre rundane vart mine tre kjappaste rundar og dei rundane der eg brukte desidert minst krefter! Summa sumarum: veldig artig løypa og kjempejobb av dei som arrangerte.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar