lørdag 18. april 2015

Sund fellesstart

I dag hadde Vossevangen CK tre mann med i Sund fellestart. Kjetil Isaksen sykla i eliteklassen, medan Roger Eide og Rune Herheim deltok i masterklassen. Traseen var ein flott runde på Sotra på 24 km, der eliten sykla fem rundar og master sykla fire. Kjetil var diverre uheldig og fekk ei eika som rauk på bakhjulet. Dermed vart det ein DNF på han i dag, men Kjetil rapporterer om stigande form. Han kjem sterkt attende ved neste krossveg. Rune sat med inn med vinnargruppa i master. Roger hamna for langt bak då feltet delte seg på andrerunden. Då rauk strikken og det vart tungt å sykla i motvinden i ein liten trio. Alle tre rapporterer om ein
fin tur, ei flott løypa og ikkje minst godt arrangert med politi som regulerte trafikken. Sjå resultat på våre resultatsider. Sjå kort videosnutt av siste runde for master-klassen: https://www.youtube.com/watch?v=OPL0cqivePc

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar