lørdag 2. mai 2015

Vossevangen CK med storeslem på Håhaugrittet

I framifrå vårvær sykla fire spreke Vossevangen CK-syklistar dagens Håhaugritt. Håhaugrittet er eit terrengritt med uvanleg bratte og lange motbakkar gjennom frukthagar i majestiske Hardanger. Start og mål er ved Hauso skule, og med 800 høgdemeter fordelt på (berre) 23 km bør ein ha lette gir. Nikolai Hanevik tok ein suveren
siger på tida 58:31 og ein imponerande ny løyperekord. Nikolai seier i ein kort kommentar at "Kanon vær, knallhard løypeprofil og seier, Alles güt!!". Rune Herheim tok andre plassen, men tykte motbakkane var litt lange og bratte: "Nydeleg dag, men tre lange monsterbakkar på 15 % vart for mykje for meg i dag". Magnus Hanevik sytte for at Vossevangen CK tapeteserte herrepallen. May Lisbeth Flo sykla inn til ein andre plass trass i at ho sykla Os rundt i går. Sjå resultat på våre resultatsider, og få med deg bileta under (Foto: Antons Foto AS).


Nikolai i starten på den 3. og siste monsterstigninga

May Lisbeth i perlehumør
Magnus ørlite prega av x antal høgdemeter
May Lisbeth i fint driv ned ein frukthage


Pallen - 3xVossevangen CK

Rune i mål

Rune i starten på siste stigninga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar