lørdag 20. juni 2015

Bjarte og Team Atea nr. 2 på Trondheim-Oslo

Atea med redusert mannskap mot slutten
(Foto: Eirik granly)
Etter fleire år med noko rufsete vær fekk hardhausane som syklar 540 km frå Trondheim til Oslo fint vær. Bjarte Vethe, Vossevangen CK, syklar på Team Atea. Dei kjempe lenge om sigeren mot Rye Ekspressen, men etter nesten 14 timars tevling var Rye 3 minutt for raske. Sjå kvifor i Bjarte sin rapport under og sjå resultat på våre resultatsider.

Bjarte sin rapport:
Kjørte Trondheim-Oslo på lørdag, 550 km, med ny innkomst på Ekebergsletta. Team atea starta med 23 mann i Trondheim, då vi passerte Dombås var vi 21 mann og alt lå til rette for kanonfart nedover Gudbrandsdalen, då hadde vi bare hatt ei punktering og eit sykkelhavari. Men da vi kom nedover dalen fekk vi nye punkteringar og fleire gjekk tom for næring. Vi leda fortsatt med 1.50 min på Rye, men da vi kom til Øyer, nord for Lillehammer, var vi nede i 13 mann, men leda fortsatt. Ved Gjøvik var vi nede i 10 mann og det var kritisk for oss. Ein hadde mageproblem og nord for Minnesund hadde vi ein kraftig velt og heile laget stoppa, då var vi kun åtte mann igjen og vi skjønte da at løpet var kjørt. Rye hadde fortsatt 15 mann. Vi åtte bestemte oss for å kjøre alt vi hadde til mål og kjørte ifra Rye med fire minutter med bare fire mann i rulla så det seier litt om kapasiteten i laget, men uhell kan vi ikkje rå over. For min eigen del fungerte det overrasskande bra, så eg er fornøyd med eigen innsats etter eit år med mye trøbbel med helsa.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar