lørdag 20. juni 2015

Postvegrittet: knalldag for Vossevangen CK!

I strålande solsking og 20 grader låg alt til rette for eit særs vellukka Postvegritt i dag. Rittet finn stad i Dale i Sunnfjord og er 46 kilometer med sti, kjerreveg, grusveg og asfalt. Ein lengre del av rittet går langs Den Trondhjemske postvei. Tre gode stigningar og fleire friske nedkøyringar syter for at rittet skil godt. Kjetil Isaksen og Nikolai Hanevik starta hardkøyret omtrent frå start, og før halvegs var eit tomannsbrot eit faktum. I siste stigninga fem kilometer frå mål stakk Kjetil i frå og kom aleina i mål. Trass i ugunstig vind sette Kjetil ein solid ny løyperekord med tida 1:33:47. Nikolai viser at godformen er like rundt hjørna
og tok ein sterk andreplass med tida 1:34:59. Joachim Jordan frå Fana SK tok tredjeplassen med 1:36:54. Rune Herheim sykla seg framover på resultatlista utover i rittet og duellerte om 4. plassen med Kristian Tjønneland frå Ottestad SK. Den tapte Rune elegant og kom på 5. plass med tida 1:38:58. May Lisbeth Flo tok tredjeplassen i dameklassen med tida 2:28:18. Ein knall dag for Vossevangen CK med andre ord! Sjå resultat på våre resultatsider, sak om Vossevangen CK sine bravadar i lokalavisa Firda samt bilete og rittrapportar under.


Nikolai sine tankar om rittet:
Kanon vær og fin ritttrase. Eg og Kjetil klarte etter litt taktisk spel å komme oss avgårde i tet. Arbeida godt saman fram til siste bakken, då rykka Kjetil og eg fekk hammeren! Kom meg til mål til 2. plass, vel minuttet bak Kjetil. Kort oppsummert: flott vær, artig trasé og god betesuppe i mål!




Kjetil:
Postvegrittet: Sol, god stemning og ritt i nydelige omgivelser. Ut fra start var vi 4 ryttere som seig i fra. Nikolai og meg fra VCK og Jordan fra Fana og Tjønneland fra Ottestad. Opp første stigning gikk det rolig. Siden det var liten ymse samarbeidsvilje på flaten, bestemte jeg meg for å gå i brudd. Og i første skikkelige bakke kom Nikolai etter. Etter det ble det en fin tur i en flott løype. Vi byttet på å dra og holdt kontrollert men bra tempo. Opp den siste bakken, seig jeg litt ifra. Når jeg snur meg roper Nikolai: "bare kjør du". På toppen er det 5 km, stort sett nedover til mål. Jeg holder jevnt tempo og kommer i mål litt før Nikolai. Alltid morro å vinne, men ekstra morro når det er dobbelt Vossevangen.


Alle foto: Anton Hanevik.






Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar