lørdag 27. juni 2015

Vossevangen CK godt med på Hallingrittet

Nikolai Hanevik, Bjarte Vethe og Rune Herheim representerte i dag Vossevangen CK i Hallingrittet. I fantastisk vær hadde svært mange funne vegen til Golsfjellet, så farten vart høg og konkuransen hard. Nikolai tok ein solid 10. plass med tida 1:28:37, Bjarte ein 13. plass med 1:29:23 og Rune ein 17. plass med 1:31:01. Nikolai var med tetgruppa på 5 mann den fyrste halvtimen, men laut sleppa seg ned til gruppa med Bjarte og Rune. Bjarte tok 2. plassene i M45-49 og Rune 3. plassen i M35-39. Sjå resultat på våre resultatsider, og les rittrapportane under.


Nikolai:
Strålande vær og kort-kort la rammene for årets Hallingritt. Vossevangen CK avd. Vaksdal reiste opp fredagskveld og overnatta ved start (Oset hotell). Rune og Bjarte kom også til start, og Vossevangen CK hadde såleis skumle planer før start. Sjølve rittet gjekk bra halvegs, men smellen kom. I dei første stigningane var me ein 5-6 mann som fekk ei luke, og etterkvart kom 3 mann til opp. Men ca. halvegs fekk eg det så det sang, og mista teten ut av eit terrengparti. Sykla så lenge åleine, før gruppa til Bjarte og Rune tok meg igjen. Knekte meg inn til mål, sleten men fattet. Fint og artigt ritt :)

Rune
Var skikkeleg lur og stilte meg opp langt framme på start saman med Bjarte og Nikolai i dag. Starten gjekk og eg hadde sykkelen i 1. gir! Urutinert, men fekk på tyngre gir etterkvart og kom meg avgarde, rett nok eit stykke lengre bak enn planlagt. Opp fyrste stigninga gjekk det bra, og eg såg Bjarte og Heine i ei gruppa eit stykke fram. Klarde å ta dei att på slutten av fyrste terrengparti. I nedkøyringa etterpå mista begge dei to kjeda, og eg vart liggande aleina. Køyrde ganske fort i det andre terrengpartiet og tok nokså mykje innpå dei fire som låg på delt 9. plass i rittet (Nikken og 7 andre var framom). Ut på grusstrekket var eg 150 meter bak. Bestemte meg for å gje flat pedal for å prøva å koma meg opp. Etter nokre minutt gjekk det - trudde det var lurt sjølv om eg sløste med kreftene. I stigninga opp mot storefjell tok Bjartre og Heine oss att, og så tok me att Nikolai. På det tidspunktet var me fire vossingar samla og berre eitt minutt bak teten. Litt før storefjell måtte Heine sleppa, og eg like etter. Herifrå og inn vart det ein kamp med viljen og lite krefter att. Alt i alt, godt nøgd, sjølv om det rauk nokre minutt og plassar siste halvtimen.
 
 
 
 
 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar