tirsdag 10. november 2015

Vossevangen CK med treningsleir i Villajoyosa (Benidorm) i veke 11 2016.

Veke 11, 2016, er som kjent offisiell sesongoppkøyringstid for Vossevangen CK. Me har i år valt å leggja turen til det spanske fastlandet, i område rundt Benidorm/Costa Blanca.

Me tek base i den vesle byen Villajoyosa, på Allon Meditterania hotell. Her har me fengje
eit tilbod om halvpensjon i dobbelrom for NOK 3.300,- og NOK 4.800,- for enkeltrom. Hotellet ligg omlag 30 min frå flyplassen i Alicante, og me tek sikte på fellesstransport.

Kjernetid vert frå laurdag 12.03 til laurdag 19.03, der SAS har familievenleg direkteavgang frå Flesland kl. 15:30, med retur frå Alicante kl. 11:05. For dei som ynskjer å skvisa ut litt meir sykling, er alternativet å ta turen med Norwegian fredag 11.03 kl. 06:00. Då kan ein få seg nokre dagar ekstra på sykkelen.


Dette vert kanon! Området er supert for sykling! Det er berre å melda seg på....

Praktisk;

1. Skal du ha med eigen sykkel? Ting sportsreiser med SAS: Kode er CYKL999 (sykkelforbundet har avtale med SAS).



2. Hotell; Me tingar/held av ein del rom. Gje melding til Dag Tore Rode på Fjesboki om du vil ha dobbeltrom eller enkeltrom, evt. andre løysingar.


3. Vossevangen CK stør opp med NOK 1.000 for alle medlemmar som reiser på treningsleir.

4. Sykkelutleige i området:


5. Litt om området:


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar