mandag 18. april 2016

Flott langtur, god trening: Voss-Jondal-Voss

Vossevangen CK hadde sin årlege Voss-Jondal-Voss i helga, og dei som var med fekk seg både sol, god mat, mykje god trening og elles god stemning!
Fredag sykla ein gjeng Voss-Tørrvikbygd og tok deretter ferja til Jondal. Her venta ein varm dusj og ein betre middag.

Top stemning etter 200 kilometer i lettskya opphaldsvær! Roger manglar!

Laurdag var det Jondal-Utne-Odda-Lofthus-Ulvik-Voss med omlag 200 km som stod på programmet! Litt småkaldt var det ved avreise 08:15, men sola kom fort fram. Elles varma det godt når rulla gjekk som det suste innover fjorden! Lillehamar Oslo-general Herheim var særs nøgd med gutane sine! Etter ein kaffikopp i Odda, vart det litt motvindskøyring til Kinsarvik før det gjekk vidare på direkten til Ulvik. På veg over høgda møtte me fleire Vossevangarar som tok oss i møte! Ein gasta fin tur i fint lag! Alle som ikkje var med, kan berre angra :-) Inge og Bård kom heilt frå Oslo for å sykla med oss!, Geir Ove var servicemann fredag, og Leif tok turen frå Rauland for å køyre servicebil larudag!! Me takkar og takkar..

Helebust i brot, eit vanleg syn

Ikkje fårleg med punktering, når ein har servicebil!

Isaksen fekk seg eit godt drag når me fekk litt dårleg med tid til ferja! 

Dag Tore som altid strøken frå topp til tå!

Mat er viktig! Rune og Inge er klare for runde nr.1

Bård kom heilt frå Oslo, og sykla sjølv Utne-Jondal på fredagskvelden

Arnstein var lett og fin etter heimkomst lauradg

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar