tirsdag 26. april 2016

Fyrste helg med Noregscup - Vossevangen med solid innsats. Kjetil klinka til i snjostormen

I helga var det fyrste runde i Noregscup'n, med den tradisjonelle runden i Skien/Grenlandsområde. Fredag kveld var det temporitt ranking, Laurdag var det Criterium/Kermesse, medan fellesstarten gjekk sundag.
Vossevangen hadde Heine og Kjetil til start. Heine køyrde tempo fredag, Kjetil køyrde kermesse laurdag, og båe køyrde fellelsstarten sundag. Heine var noko misnøgd med tempoen fredag, og reiste rett heim og demonterte temposykkelen sin i raseri :-). Heine vart nr. 51, berre 2:42 bak vinnaren, Bjørnar Vevatne Øverland (Team Fixit/BCK). Me hugsar sjølvsagt at han vann Bergen-Voss solo i fjor! Laurdag var det eit knallhard criterium, der menn senior køyrde omlag 112 km i ei hard rundløype. Snittfarten var over 47 km, og det sier vel sitt. Berre 27 av over 150 kom i mål. Kjetil sat i det som var restar av hovudfeltet, då dei vart tekne ut nokre rundar før mål.

Sundag var det fellesstart i den harde løypa i område rundt Skien. Været såg bra ut medan damene og junior køyrde, trass i låge temperaturar. Nytt i år er at alle Continentallag lyt stilla minimum tre og maksimalt seks rytterar i 4 av 5 Noregscupritt. Dette gjer at nivået er høgare enn på mange år. Heine var uheldig å fekk teknisk allereie på fyrsterunden. Etter ny teknisk stogg på runde 2 var det over og ut. Synd for Heine som rapporterte om gode bein! Me gler oss til framhaldet. Været skapte seg, og utover i rittet byrja det å hagla, regna og sjnoa. Mange måtte hjelpast av syklane då dei kom i mål og fleire vart teke hand om av hjelpemannskap. Kjetil dunka til med eit kjemperesultat i dritværet. Kjetil hang med gjennom heile dagen, og kom i mål som nr 27 berre 4:35 bak vinnaren (Trond Håkon Trondsen, Sparebanken Sør). Rittet var so brutalt at berre 31 stk kom seg i mål av omlag 180 startande!


Kjetil kledd for sommar, i snjostørmen



Gleda over den flotte innsatsen vart diverre kortvarig. Sundag ettermiddag kom den tragiske meldinga om at Benjamin Hjort hadde vorte teken av snjoskreda inne i Jonadalen og var omkomen. Mangen av oss har hatt gleda av å vore med Benjamin på ulike aktivitetar, og hans blide vesen vil verta sårt sakna. Me lyse fred over minne til Benjamin.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar