lørdag 30. april 2016

Vossevangen CK med kjemperesultat på Sund Fellestart!

I dag gjekk rittet "Sund fellestart" som ein del av "Ritthelg Bergen 2016". I morgon er det tempo med "Straumemilen" fyrst, og deretter rundbaneritt med "Flaktveitrunden". Heine Nysæther og Kjetil Isaksen stilte til start i fint vårvær på Sotra.
Etter mykje stong ut, fekk Heine endeleg klaff og leverte eit kanonritt som enda med pallplass! Heine gjekk som vanleg i brot både tidleg og seint, og denne gongen sat han i det rette brotet. I lag med Sverre Dyngeland Vik (Ringerike Kraft) og Fredrik Olsen (Åsane CK) kom Heine seg med i det siste og endelege brotet som gjekk inn. Kjetil sat dermed roleg i feltet der Francaise des Jeux-proff Odd Christian Eiking taua dei inn. Kjetil tok world tour-proffen enkelt i spurten. Me gratulerar både Heine og Kjetil med kjemperesultat, og gler oss til framhaldet!

Kjetil og Heine godt nøgde med dagens ritt!

Kjetil tek Eiking i spurten!

Olsen, Dyngeland Vik, Nysæther og Isaksen!

FDJ-boss Marc Madiot noterte seg at Vossevangen CK var friske under Sund Fellestart i dag!

Saki vert oppdatert etterkvart som rytterane leverar sine rapportar!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar