torsdag 12. mai 2016

Heine med sterk køyring under Ceresrittet

Sundag 8. mai vart Ceresrittet køyrt. Dette er eit populert lagtemporitt der fire rytterar køyrer saman over ei løype på 83 km. Tre stk lyt koma i mål. Tradisjonelt er rittet nytta av dei mange lagtemposatsande laga på austlandet til å måla krefter seg i mellom.
I år stilte til dømes RYE ekspressen med 8 lag! Vossevangen CK var representert med Heine Nysæther, som køyrde på eit blandalag i lag med ex-Vossevangar Vidar Mehl, Jan Olav Beitmyren og Even Antonsen. Dei køyrde knallfort og trass litt ulik kapasitet i laget suste dei inn til fjerdeplass.

Dressed for speed! Heine med solid køyring under Ceresrittet


Me har fengje fylgjande rapport frå Heine;

På sjølvaste frigjeringsdagen 8 mai, gjekk Ceresrittet og Romeriket rundt av stabelen. Ceresrittet er Master- og lagkonkurranse, og Romeriket rundt er turritt i same løypa. Løypa er 83.1 km og småkuppert. Været var fantastisk, med sol frå skyfri himmel og godt over 20 grader. Eg deltok i lagkonkurranse på blanda lag sammen med Vidar Mehl, Jan Olav Beitemyren og Even Antonsen. 31 lag stilte til start og me hadde ambisjonar om å hevda oss heilt i toppen. Me hadde planlagt å starta med korte føringar og endre lengde på føringane etter kvart som me såg kven som hadde mest å køyre med. Sluttida blir rekna ut ifrå dei tre beste på kvart lag, så eit fråfall kunne aksepterast. Med dette som utgangspunkt klemde me til frå start. Kroppen var topp og humøret like dann. Den fyrste mila gjekk av seg sjølv og optimismen var på topp. Dessverre starta problemene allereie etter ca. 1.5 mil. Fjerdemann på laget hadde ikkje heilt dagen og ramla av i ein bakke. Det blei litt rytmeforstyrringar og ein ufrivillig pause medan han blei henta opp igjen til gruppa. Me fortsatte i samme tempo og fekk til ein tålig bra rullering på føringane. Litt over halvvegs hadde me ein snittfart på 42.5 km/t og i følge strava dagens raskaste tid på segmentet, halvminuttet framfor neste lag. Dessverre tel tida halvvegs særs lite, då me faktisk har like langt igjen til mål. På dette tidspunktet hadde fjerdemann dratt ned rullegardina og me var berre tre igjen i gruppa. Tredjemann hadde også til tider småproblemer med tempoet og etter kvart blei det veldig lite kvile mellom føringane på dei to sterkaste. Når det gjenstod litt under 2 mil kjente også andremann at det var blitt litt for lange føringar og litt for lite kvile. Dei siste par mila handla det berre om å redda stumpane og komma seg til mål med alle dei tre gjennverande på laget. Me enda på ein litt sur, men akseptabel fjerdeplass. Innsatsen var bra og me fekk ei super økt, trass i til tider litt dårlig samkøyring og noko ujevn køyrestyrke i laget

Resultat:

Topp 5 Ceres Lagtempo 2016


1. Aurora Borealis 1 (Geir Lien, Anders Bernhoft, Kristian Myhrer)
2. Kjekkas 2 (Sten-Are Harjo, Frode Dalen, Aleksander Stijelja, Espen Høglund)
3. Kolbotn 1 (Kjell Magnus Antonsen, Jens Petr Elton Gransæther, Jørn Martin Tysnes Holm, Morten André Groth)
4. Mjøsgutta  (Jan Olav Beitmyren, Vidar Mehl, Heine Nysæther)
5. Kjekkas 1 (Roy Magne Storholm, Steffen Bråthen, Alf Sindre Pedersen, Per Christian Eidevik)


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar