onsdag 8. juni 2016

Heine og Jørund køyrde Ulven Tempo

Tysdag 07.06 var det duka for Ulven Tempo. Eit tradisjonsritt frå tilskiparklubben CK Henie. Vossevangen CK hadde Heine Nysæther og Jørund Rong til start. Os baud på småkaldt vær og med ein god del sidevind, men det var likt for alle!

Det var mange sterke rytterar til start, både unge og gamle. Heine tikka inn på små-fine 13:34  medan leiaren var 20 sekundar bak på 13:54. Heine stilte i Msenior medan Rong stilte i M40-44.
Heine fekk fort att smilet!


Rittrapport Jørund;

"Etter mykje husbyggjing og lite trening i vår, var det kjekt å kunne køyra ritt att! Etter ein lang arbeidsdag på bankkontoret, vart dressen skifta ut med tempodrakt og eg peiste meg frå Bergen til Os. Litt stress vart det, då eg hadde gløymt delar av utstyret, og eg laut senda Heine på ekstratur ut på Bordalen før han kunne setja kursen mot Os. Me fekk knapt med oppvarming båe to diverre (mi skuld), og me fekk ikkje køyrt igjennom løypa. Eg hadde god kjensle undervegs sjølv om eg ikkje heilt fann godflyten i vinden. Det er verkeleg moro å køyra tempo, kan tilrådast alle!! Ved vending klarde eg å køyre litt feil og tapte litt fart på det. Kom meg inn på 13;54 og var godt nøgt eigentleg. Same tid fekk forresten Noregs beste kvinnelege syklist, Emilie Moberg (Team Hitec) som og stilte til start i dag. Heine var litt prega av utstyrsrotet mitt og han ville nok normalt sett ha kjempa i teten i dag. Thomas Strand (Åsane CK) og Ørjan Vika (Fana IL) tok delt siger i dag på 12;55. Ei sterk tid gitt tilhøva!."

Heine:
"Lett stressa til start i dag og ikkje heilt optimalt, men eg gjekk knallhardt ut. Ja, alt for hardt. Eg låg på godt over 500 watt dei fyrste kilometerane. Dette straffa seg, då eg fekk skikkeleg syra i småbakkane på heimveg. Eg lyt læra meg å disponera betre. Eg kjem sterkare attende. No er det Noregscup i Sandnes som er neste. Me satsar på at eg får ein opptur der!"

Resultatliste



Camp Vossevangen CK før start - lit stress....

Heine i fint driv mot mål




Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar