søndag 3. juli 2016

Kristin nr. 6 i Jotunheimen Rundt!

Fredag kveld 01.07 var det start for Noregs tøffaste turritt, nemleg Jotunheimen Rundt. 430 kilometer med 4606 høgdemeter er for dei tøffaste! Kristin Sønnesyn sykla rittet som einaste Vossevangen CK'ar i år.
Og Kristin gjennomførte med glans! Ho kom inn som sjette beste kvinne totalt og vinnar av klassen K20-29! Ho brukte 17 timar og 42 minutt! Kristin uttalar i ein kommentar; "Det var vått, kjekt og relativt hardt. Eg måtte kjempa med meg sjølv! Nydeleg natur, men litt for lenge på eit sykkelsete"

Me gratulerar Kristin med stor prestasjon!

Legg til bildetekst



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar