torsdag 24. august 2017

Voss-Geilo 2017

Laurdag 19. august var det klart for Voss-Geilo, været var fint og temperaturen ok, det var meldt regn utover dagen så her var det berre å komma seg til Geilo så fort som mulig. Vossevangen CK hadde heile 10 ryttera til start på Voss og 2 til stod klar på Dyranut for å sykla Dyranut-Geilo. Over Vidda var det lite vind i forhold til kva det har vert dei siste åra, litt motvind opp frå Vøringsfossen, sidevind frå sør og medvind på slutten inn mot mål. Dei gode forholda gjorde at det gjekk fort over fjellet og vinnerpulja kom inn på sterke 4:32:59. VCK hadde Kjetil Isaksen med i vinnerpulja i lag med 6 andre ryttera, ein av dei var vossingen Arne Hernes som sykler for Åsane CK, men rykter går om ein mulig overgang til VCK...
Som meldt kom regnet utpå dagen og det vart ein våt og kald tur over fjellet for enkelte.




På Dyranut hadde VCK 2 spreke damer på startstreken, Marianne Lidsheim(nr37) og Cathrine Seim-Haugen(nr36), dei sykla til Geilo på 1:48:07 i lag med kollegaer frå helsevesnet. Dei melder om ein fin tur over fjellet og målet for neste år er å sykla heile turen frå Voss.

Resultat for VCK-sykelister:

Kjetil K.Isaksen           4:32:59
Heine Liland                4:46:47
Sindre Hirth                 4:52:09
Geir Ove Byrkje          5:06:58
Simon Øverland          5:50:57
Jon Arild Hellebust     5:50:57
Erlend Mestad            6:30:19
Egil Lidsheim             6:50:16
Bengt Arvidsson        6:50:30
Dag Tore Roe var uheldig og fekk problem med sykkelen sin under oppvarmingen og fekk dessverre aldri starta rittet.

Etter rittet har Kjell Andre Tvinde meldt seg inn i VCK, han sykla til Geilo på 6:45:25
På tirsdagens fellestrening hadde me og med oss Lars Erik Bjørke som sykla på 6:01:52, ryktene seier at også han er på veg til VCK.

Ellers må me gratulera Geir Edvard Geitle, Inge Hommedal og Geir Geitle frå Voss SK med sterke tider til Geilo, dei har vert med oss på fellestreningane gjennom sommaren for å spissa formen til Voss-Geilo.

 
 
 
 
 
 
 

 
 
 
 
 
 


Foto:R.Herheim, G.Geitle og T.Guldbransen


Sjå fleire bilder her.

Kjetil sin rapport:


Voss - Geilo 2017 Plutselig endret værmeldinga seg og kl 19 fredag kveld var jeg påmeldt. I fint vær var det et relativt lite startfelt som trillet ut fra Voss. Det var god stemning og stort sett sol på transportetappen til Eidfjord. I det bakkene startet ble det mindre prat og tempoet økte litt etter litt. Vi ble en ganske tidlig en gruppe på 8 prs. Opp mot Vøringsfossen dro Fredrik Olsen så hardt at vi kun var 4 prs igjen. I tillegg til undertegnede, Andreas Hosøy og en BCK elite rytter. Her fikk vi motvind og fikk raskt selskap av 4 andre. Når vi begynte å nærme oss toppen fikk Olsen en luke. Det var ingen som var veldig gira på å hente han. Fleste parten i gruppa gjorde en innsats så han fikk aldri stor luke. Etter ca 20 km i brudd var vi samlet igjen. På Ustaoset var det endelig en som støtet. Etterpå gikk jeg til. Fikk med meg Olsen og en til. I det vi ble hentet gikk jeg kontra. Denne luken holdt jeg i ca 4-5 km. Dessverre ble det samarbeid og jeg ble hentet rett før Geilo. Da var gruppa enige om å sykle sammen til mål. Herlig tur i fint høstvær.


Geir Ove sin rapport:

Etter litt varierande form i det siste var eg litt småspent når eg stod på startstreken i pulje 2. Det starta rolig oppover mot skjervet og eg låg midt i gruppa på ca.80 sykelister og hadde ein plan om å komma meg så billig som mulig til Eidfjord, eg vart litt overaska då feltet begynte å dele seg opp og det vart luker som måtte tettes før Mønshaugen. Litt før toppen på Dalsleitet såg eg ei stor luke eit stykke framfor meg og ingen såg ut til å vera interessert i å tetta denne så eg måtte gjera det sjølv, det er eg glad for at eg gjorde for eg såg aldri igjen dei som var bak. I Skjervet var me berre 30 sykelister igjen, eg bestemte meg for å ligge i front ned Skjervet, var med å køyrde rulle etter dette, det gjekk fort på flatane og rolig i bakkane, ned til Ulvik la eg meg i front igjen for å unngå uhell, dette var nok lurt for i Ulvik sentrum vart det ein velt i høg hastigheit der han som låg 3-4 plasser bak meg gjekk i bakken. Vil tippe me var ca.20 stykker igjen som køyrde jevnt fort i fjorden, det gjekk fint opp til Dyranut og eg følte meg sprek når me passerte toppen. Vil tippe me var 7-8 stykker igjen frå pulje 2 og ca. like mange som hadde ramla av pulje 1 og sykla i lag med oss frå Dyranut, med ei gong me runda toppen begynte dei å køyre knallhardt i front, eg var dum å tetta luker eit par ganger, men då gjekk det ikkje lenge før krampen slo til i eine låret og eg måtte roe ned litt, klarde å henge meg på til Fagerheim, men der vart det ei lita luke opp til resten og eg kunne ikkje ta i meir for då kjende eg at det nappa i låret igjen så det var berre å sykla jevnt til Geilo og komma seg i mål. Eg tapte 7 minutt til pulja mi etter Fagerheim og kom inn på 5:06 noko eg må vera godt nøgd med.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar