mandag 11. september 2017

ÅRSFEST OG LAGSMEISTERSKAP 7.10.17.

Gode klubbveneer. Vossevangen CK legg årsfesten til Vossevangen Bodega. Der får me servert ein tre-rettar basert på husets spesialitetar, samt at det vert servert høveleg drikke for einkvar smak. Chambre Separee må vite...

Lagsmeisterskapet starter med at me samlast ved Meieriet og syklar roleg i samla tropp til Granvin. Der vert det mogleg å levere litt klede og liknande, før rittet startar på sykkelstien ved sør-enden av vatnet. Målgang vert på toppen av skjervet, og her vert det sjølvsagt både kaffi og mineralvatn. Så snart påmeldingsfristen er ute vil sportsleg komite setje opp startliste etter "omvendt Gunder". Dei antatt raskaste syklistane startar altså sist, og sjølv om me skal få på plass individuell tidtaking, er det knytt stor prestisje til å nå toppen fyrst....

Datoen er 7.10.17. Sykkeltur frå Meieriet kl. 14.30 og Fellesstart frå Bodega kl. 19.00.

Eigenandel kr. 100. Påmelding på FB eller pr sms til underteikna på 9690 2216 innan 22.9.17.

Vonar flest mogleg har lyst og høve, og gjerne saman med sin bedre halvdel!

Mvh
Dag T





mandag 4. september 2017

Dokka Rundt

Laurdag 2.september sykla Heine N. Liland Dokka Rundt, etter ein sesong der mykje vart øydelagt av sjukdom i vår er det godt å sjå at Heine begynner å komma tilbake i godt slag og på laurdag klinka han til med ein sterk 2.plass.








Her er rapporten me har fått frå  Heine:

Etter ein sesong med formsvikt, lite trening og få konkurransar er eg endelig komme igang igjen med konkurransar. 2 september deltok eg på Dokka Rundt, eit ritt på 83km med start og mål på Sem i Tønsberg. Løypa er relativt flat og inviterer til høg fart. Eg kom på start og fann ut at eg hadde meldt meg på i feil gruppe, og skulle starte 5 min etter elitegruppa. Altså, som vanlig litt surrete.. Heldigvis var det håp, då eg drog kjennsel på andre sterke ryttere som også skulle starte i denne gruppa. Eg bidrog til høg fart frå start og var fast bestemt på at me skulle og kunne køyre inn igjen elitegruppa! Dessverre var dei fleste andre noko lite samarbeidsvillige frå start og virka til å ha nok med å ligge bak. Eg gjorde fleire brotforsøk, men klarde ikkje komme meg av gårde på grunn av motvind som gjorde det vanskelig. Halvvegs snudde me retning tilbake mot Tønsberg og fekk vinden i ryggen. Etter 4 mil og på første forsøk med vinden i ryggen kom eg meg av gårde i brot saman med to andre ryttera frå Bærum OCK/WSRR. Me fekk fort ei god luke før avstanden til hovudfeltet stabiliserte seg. Me sammarbeida bra og klarde å halda avstanden til eit illsint, jagande hovudfelt heilt til mål. Me kom inn vell 20 sek før hovudfeltet og køyrte 3 min raskare enn elitegruppa (me tok dei nesten igjen då..).
Dei tre beste:
1. Dag Aalvik – Bærum OCK/WSRR 2:02:03
2. Heine Liland – Vossevangen CK 2:02:03
3. Lars-Christian Unger – Bærum OCK/WSRR 2:02:03




Komplette resultat kan du sjå her


søndag 3. september 2017

Specialized cup i Bømoen

Laurdag 2. september var det klart for årets siste ritt i Specialized cupen, det var strålande sol og forholda i løypa var perfekte. Vossevangen CK hadde 7 ryttera til start i ungdom/vaksen rittet, der dei kunne velga mellom å sykla 2,4 eller 6 runder i den 2,5km lange løypa, men før dette var det barneritt.
I barnerittet var det ca.20 gutter og jenter på startstreken og dei såg ut til å ha det kjekt sjølv om det var hard konkuranse for enkelte.


Foto: Stine Sognnaes Hafnor Gjerald


 Foto: Stine Sognnaes Hafnor Gjerald
Foto: Stine Sognnaes Hafnor Gjerald

I ungdom/vaksen-rittet fekk me Ola Blikberg Herheim inn på ein sterk 2.plass blant dei som sykla 2 runder.

 I klassen for dei som sykla 4 runder fekk me Thomas Vethe inn på ein fin 2.plass, berre 1,5sekund frå seier.
Foto: Siren Vethe

For dei som sykla 6 runder vart det ikkje overraskande seier til Kristian Ellertsen frå Fana, med Rune Herheim på 2. og Roger Eide på 3.plass, vidare vart Geir Ove Byrkje nr.8, Jan Eric Crook nr.9 og Martin Hindenes nr.10
Foto: Joar Wæhle

Sjå fleire bilder her


Komplette resultat kan du sjå her


fredag 1. september 2017

Birken 2017

Lørdag 26. august var det klart for Birkebeinerrittet, 6 karer frå Vossevangen CK hadde tatt turen til Rena for å sykla dei 86 kilometerane over fjellet til Lillehammer. Alle 6 VCKarane leverte sterke tider og gode resultat.


Kjetil K. Isaksen      2:49:44
Heine Liland            2:53:32
Rune Herheim         2:55:04
Sondre Tysseland   3:02:35
Dag Tore Roe         3:20:30
Anton Hanevik        3:59:14












Kjetil sin rittrapport:


I hyggelig selskap med Rune og Dag Tore dro vi tidlig over til Rena. I nydelig høstvær sto vi brått klare blant tusenvis av ivrige mannfolk. Med et stort startfelt var draviljen liten. Det var ikke mange som falt av til Skramstad. Ned not gåbakken var det litt mer trøkk. Nedover her og opp gåbakken (som ble løpebakken) lå jeg langt fremme. På toppen her var vi 6-7 prs. Tenkte det var verdt å sitte med her og satset på kjørevilje. Det var dessverre feil. De fleste i denne gruppa gikk hardt ut og håpte på billig tur over fjellet. Jeg fikk god hjelp av Eivind Botten, ellers ble det mye lokomotivleik. Var heldigvis nydelig vær over fjellet, for det var en smule irriterende. Før ballettbakken dro jeg fra gruppa mi og rakk akkurat under 2.50. Humøret steig når de andre gutta kom i mål.


Heine sin rittrapport:

Birken 2017 blei ein på sparket tur for min del. Eg fekk ny sykkel på onsdag, sykla to turar på den (som også var dei to turane eg hadde hatt på grus i år), for så å melda meg på på Birken på torsdag. Siden eg allereie var så seint ute med alt anna, fann ut at eg heller ikkje trengte å stressa med overnatting på Rena. Eg gjekk å la meg klokka ni på kvelden, for å få nok søvn før eg skulle køyra frå Kongsberg kl. halv fire neste morgon. To timar seinare, altså klokka elleve var eg lys vaken og «klar»! Det blei nokon lange timar før eg kom meg av gårde, og nokon endå lengre timar i bilen opp til start på Rena. På start møtte eg Kjetil og Rune frå klubben som også hadde funne fram til pulje 2. Dette var pulja for dei 200 best seeda mennene under 44 år (utenom elite). Det var god stemning på start, strålande sol frå skyfri himmel, og heile 4 plussgrader. Frå start til Skramstad gjekk det i fint «sweetspot» tempo, som ikkje akkurat skilte «klinten frå hveten». Eg var fyrst ved passering Skramstad og kjende at dette kom til å bli ein super dag. Den kjensla fekk eg lov å ha i omlag eit par km til. Ned til Djuposet blei eg straffa for min relativt beskjedne treningsmengde i ulent terreng på den nye sykkelen. Ein liten feilmanøvrering og eg låg strekk ut i ein sving. Medan eg låg der og kava blei eg passert av 30-40 ryttera, men klarde heldigvis å komma meg på beina rett før Rune kom susande. Rune var sist, og eg blei nest sist. Det var godt å ha litt lagstøtte der eg trilla noko forslått siste biten inn til gåpartiet i bunnen av bakken. Der fekk eg til og med litt skryt for den «gode» teknikken eg hadde i terrenget. Kanksje litt sarkastisk av Rune, men det var no hyggelig uansett! Etter gåpartiet hadde det delt seg opp i mindre grupper. Rune og eg var i samme gruppa bakerst. Etter kvart klarde eg å køyra meg opp til ei litt større gruppe lenger framme. Dessverre mista eg Rune og det gode selskapet på vegen. I denne gruppa var det liten køyrevilje og støting i bakkane. Eg blei dermed reservert og prøvde å spare mest mulig på flatene, for å henge med i bakkene. Slik gjekk det for det meste heile vegen til mål, men gruppa blei mindre og mindre undervegs. Ein flott tur, med fantastisk vær, mykje hyggelige folk, bra form, håplaus teknikk trass i god og stødig sykkel, skrubbsår!


Rune sin rittrapport:

Birken 2017 var ei kjekk og sosial oppleving. Dag Tore, Kjetil og eg tok turen i lag, og Dag Tore (eller Linn?) fiksa glimrande logistikk med bil til Lillehammer, tog til Rena og hotellovernatting på luksusrom rett utanfor Rena sentrum. Neste morgon stod Kjetil, Heine og eg til start midt i pulje 2 saman med snaue 200 av dei best seeda ryttarane mellom 17-44 år som ikkje stilte i eliten. Skotet gjekk og Kjetil forsvann fram til dei fremste. Kort tid etter hadde også Heine manøvrert seg fint fram. Det gjekk helst kontrollert dei fyrste 20, men då me kom til grusen vart det god strekk og eg kom meg framover i feltet. Ved passering Skramstad var dei fleste med trur eg, men på ei lang, lang rekkja. Rett etter Skramstad vart farten skrudd opp, og feltet sprakk veldig opp. Eg klarde på håret å koma meg med dei om lag 30 fyrste då me starta nedkøyringa mot Djuposet. Heine kvelva i ein sving, men var kjapt oppe att. I gåbakken og terrengpartiet for dei 9 fyrste i frå, og der sat Kjetil med. Heine og eg heldt i lag, og Heine briljerte på nyesykkelen i terrengpartiet. Rett før slutten av terrengpartiet køyrde eg meg fast i noko laus sand, og Heine og 5-6 andre fekk 73 meter. Etter hard jobbing med 2 andre kom me oss oppatt, og eg tok att Heine for andre gong. Heine og eg sykla so i lag ein periode i ei 7-mannsgruppa heilt til Heine støytte seg opp til ei større gruppa framfor oss. Eg hadde ikkje sjans, og tenkte det var det siste eg såg til Heine. Det var litt godt også, for då Heine drog var det ilt å vera med. Men me seks som var att sykla rimeleg greit og radig, og då me kom til Kvarstadlia såg eg Heine si gruppa berre 15 sekund framfor oss. Klemde til og halvvegs i bakken var eg på hjulet til Heine og var svært lukkeleg. Om lag eit sekund gjekk det før Heine trakka til og sykla seg opp til ein gjeng lenger framme. Det var det siste eg såg til Heine. Me var 2-3 som bytte på å dra ein stor gjeng med ei salig blanding av pulje 1 og 2 fram til Rosinbakken. Der klarde 10 av oss og koma i frå, og me sykla saman til mål. Flott tur, ingen uhell, nydeleg sol men litt vekslande vind og ein del lausgrus.


Dag Tore sin rittrapport:

Birken leverer. Topp stemning, tunge ben og relativt krevende tekniske partier. Håpet på en tid ned mot pb (3.14) men kom i mål på 3.20. Stiller på Rena i 2018 også, forhåpentlig med litt flere mil i bena.
Ny kasserar i klubben!

Me er veldig glad for å kunngjere at Erlend Mestad har tatt på seg ansvaret som kasserar i klubben. Dette vert veldig bra. Erlend er å treffe på fjesbokji, og ellers kan faktura ifbm ritt og anna sendast på epost erlendme@hotmail.com

På biletet ser me Erlend smilande og nøgd etter målgang på BV. Fin i tøyet som det høver seg ein kasserar!


Erlend Mestad sitt bilde.