Specialized-cup Bømoen

Laurdag 2. september 2017 kl. 12 (kl. 11:30 er det barneritt!) arrangerer Vossevangen CK det 5. og siste terrengrittet i Specialized cup. Rittet går i Bømoen, sjå videoane for å få fleire inntrykk. Dette er ei uhøgtidleg tevling der det er lov å tøysa og tulla litt undervegs på dei flotte stiane i Bømoen. Det er inndelt i 3 klassar: ein for dei som vil sykla seks rundar (ca. 1 time totalt), ein for dei som vil sykla fire rundar og ein for dei som vil sykla to rundar. Barnerittet er for dei som er sånn cirka mellom 5-10 år med gratis påmelding ved start. Det er eit satsingsområde å få ungdom til å prøva seg på sykla ritt i skogen!

Lenkja til PÅMELDING (150 kr for vaksne og 100 kr for 10-15 år. Eingongslisens kostar 50 for ungdom og 100 for vaksne. Barneritter er gratis. Har du problem med påmelding så send epost til rher@hvl.no)
 
Video av ny trase for 2017:
 


Video av rittet i 2014 - i tidenes nedbørrekord før og under rittet ...

Video av traseen (6.9.2014)


Sjå video frå testritt i oktober 2012:
YouTube-lenkja: https://www.youtube.com/watch?v=Li-WuI8E-U0&list=UUSEuJwT9LvnhSs_X-LPPXWw


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar