Trening 10-15 år

Kvar onsdag kl. 18.30-19.30 vert det organisert terrengsykkeltrening i Bømoen. Treningane er for ALLE ungdomar mellom 10-15 år (8-9 åringar må ha med seg ein vaksen). Me tenkjer at ungdomar frå 16 år og oppover vil ha godt utbyte av å vera med på vaksentreningar.

Det vert leik og moro på grusplassen ved Bømoen leir og sykling på stiar i Bømoen. Oppmøtestad er ved vakta, Bømoen leir. Alt du treng er ein heilt vanleg, enkel terrengsykkel og hjelm. For spørsmål: Rune Herheim, rher@hib.no, 95272414.

Treningane er gratis, men alle er sjølvsagt hjarteleg velkomne som klubbmedlem. Vossevangen CK har både ungdoms- og familiemedlemsskap. Nye ungdomsmedlem i Vossevangen CK får klubben si sykkeltrøya og sykkelshorts til halv pris: informasjon om klede og klesbestilling.

Vil du sykla ritt? Det vert eit uformelt testritt i Bømoen i løpet av sesongen, samt at det vert avslutning av Continentalcupen (fem terrengsykkelritt i Bergen/Voss) den 20. september i Bømoen. I denne cupen er det inndelt i aldersklassar frå 6 år og oppover. Det er eit satsingsområde å få ungdom til å prøva seg på terrengrittt!

Me ynskjer at nokre vaksne kjem med sykkel. Viss foreldre kan vera med kan me dela inn i fleire grupper. Då kan undomane få tilpassa utfordringar samt meir hjelp og tips.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar