Treningar våren 2024

Fellestrening vert onsdagar kl. 18:00 med oppmøte ved Amfi Voss. Treningane varar omlag 1,5-2 timar. Viss ein ikkje rekk kl. 18 kan ein gjera avtale om å treffast undervegs. Fyrste gong vert osdag 17. april! Dette vert rolege turar tilpassa slik at dei passar for alle i klubben. Dei som skal hardøkt kan enten ta fyrste timen i lag med oss og så intervallar etterpå, eller bruka fellestreninga som nedsykling i etterkant av intervallar. Det vert fokus på landeveg fram mot Bergen-Voss, men når sumaren kjem vert det også økter på terrengsykkel. Treningane våre er opne for alle, så me ynskjer alle hjarteleg velkomne!

Viktig informasjon om det å sykla i trafikken.